Baking i eldhuset

Me fyrer i baksteovnen  om morgonen og bakar utover dagen. Gjestene får læra å baka krotekaker på gamlemåten. Lunsjen vert sjølvlaga pizza steikt i steinovnen og nysteikte krotekaker. Gjesten får med seg kakene dei bakar. Det er god plass til fire gjester i eldhuset.

Ein bakstedag kostar 1.000 kr

(kr 250,- per person dersom det er fire bakegjester)

Verdt eit besøk

 Agatunet ligg ein times sykkeltur frå Aldevik. Det gamle middelaldertunet byr på byggningar frå 1200-talet, kunst og ein liten tunkafe.

Den unike tettstaden Utne ligg ca 4 km frå Aldevik. Her finn ein Norges eldste trehotel, Utne hotel , og det innhaldsrike Hardanger Folkemuseeum med ein vakker museeumshage.

Det er ein fin dagstur å køyre til Rosendal i Kvinherad. Baroniet i Rosendal har ein fantastisk rosehage og serverer mat frå eigen urtehage. I Rosendal finn du og ein flott mineralpark rett attmed Baroniet.

Fjellturar i Hardanger

Det er mange fine fjellturar å ta med utgangspunkt i Aldevik.

Meir om fjellturar

Fisking i fjorden og sykelturar langs fjordsidene

Me har gode fiskeplassar rett utforbi kaien. Gjestene får bruke robåten når den er ledig.

Me har og tilgang på to havkajakkar, som gjestene kan benytta når været er fint.

Det er fint å sykle langs gamlevegen mellom Grimo og Aga. Gamlevegen er lite trafikkert og ein syklar gjennom velstelte gardstun. Dersom ein syklar frå Utne, kjem ein inn på den Nasjonale turistvegen til Jondal.  Syklane står klare!