Vertskapet og garden

Me som bur her og driv garden i dag er Arvid Måkestad og Anne Kristine Mæland Måkestad. Me bur i hovudhuset på garden i lag med mor Eva, som har fått eigen leilighet. Me har tre døtre, som er busett i Bergen og Oslo, men som ofte tek turen til Aldevik med sine familiar.

Anne-Kristine er fødd og oppvaksen på garden . I dag er me begge «pensjonistar», men prøver å halda gaarden i drift . Tidlegare produserte me mykje moreller, men no har me mest plommer og eple. Me gjekk over til økologisk drift i 2014, slik at det i dag vert brukt  minimalt med sprøytemiddel.

Frukta leverer me til fruktlageret for vidare sal. Frukt som er for liten eller har skadar i skalet, vert brukt til saft, hermetikk og syltetøy. I eldhuset bakar me krotekaker, og om hausten røykjer me kjøt og fisk der.

Gamlahuset var gardshuset på garden fram til 1958, då flytta familien inn i nytt hus  og besteforeldra min budde i det gamle. Dei siste 40 åra har huset stort sett stått tomt.  Me har brukt noken år og ein del pengar på å redda gamlehuset frå forfallet. Me har lagt inn vatne og straum, modernisert kjøkenet, bygd bad og  restaurert stover og lem. Grunnmuren er retta opp og helletaket på plass att.

Me er svært takksame for den økonomiske støtten me har fått frå Fylkesmannen (SMIL)og Ullensvang herad , Stiftinga Johannes og Håvard Seim, Stiftinga Indre Hardanger Kulturråd, Olaf og Solveig Runshaugs Antikvariske vernefond, Uni-stiftelsen og Fylkeskommunen. Innovasjon Norge har og gitt støtte til oppstart av historisk utleige.

Langhuset og eldhuset er  som eit levande gardsmuseum i tunet.