Gamlahuset

Langhuset er no ferdig restaurert med fargar og interiør frå 1800-talet. Me har bygd ny gang på baksida og fått inn eit lite, men særprega bad med dusj og toalett. Moderne kjøken med induksjonsovn, steikjeovn, kjøleskap med frys, oppvaskemaskin , kaffi og vannkokar.

Då får de oppreidde senger, handkled og smaksprøvar på frukt, syltetøy, saft og krotakaer frå garden.

Gratis Wifi.

Det er to soverom og ein sovealkove på lemmen med til saman sju sengeplassar.

DØGNPRIS

Døgnprisen  med oppredde senger  for  fire personar er 1.200,-kr

Ekstra gjester betaler 100,-kr døgnet.

Utvasking kr 500,-

HISTORISK UTLEIEPAKKE – EI VEKE

Gjestene kjem til oppreidde senger, korg med smaksprøvar frå gardsprodukt, historiefortelling  i eldhuset, ein middag hos vertskapet, ein bakstedag i eldhuset med lunsj, fri bruk av båt, kajakk og syklar. Me er og behjelpelege med skyss dersom det er behov for det.

Samla vekepris for inntil fire vaksne er 9.000,- kr

Samla vekepris for inntil sju vaksne  er 11.000,- kr .

Ring oss gjerne  for andre avtalar.

Drengstovo

Drengstova ligg i løa, med fantastisk utsikt ned på kaien og innover heile Sørfjorden. Me har laga eit rundt bad i gamlesiloen og ny moderne kjøkenkrok. Gamleverkstaden er no soverom med dobbeltseng og plass til ei barneseng. Det er sovesofa i stova. Eigen avskjerma terrasse på framsida, hageflekk og spennande sittegruppe under løebrua.

Gjstene får oppreidde senger, handkled og smaksprøvar på frukt, syltetøy, saft og krotakaer frå garden.

DØGNPRIS  :  kr 1000,- for to gjester,  ekstra gjester betaler 100,- kr døgnet.

Utvasking kr 400,-

Spiskammerse

Gjesten får smake på produkta frå garden.

Me produserer eple, plommer, fruktsaft, syltetøy, eplesider og krotakaker.