Det er mange fine fjellturar å ta med utgangspunkt i Aldevik.
- Grimsvatnet og Grimsnuten er heimafjellet til Aldevik og ligg ytterst på Folgefonna. Ein kan gå frå garden og langs gamle ferdselsvegar heilt opp til toppen på 1233 m.o.h. På vegen går ein forbi fjellgardar med himmelvid utsikt. Grimsvatnet ligg på ca 1000 m.o.h. og er eitt av mange småvatn innover Folgefonnhalvøya.
- Trolltunga ligg bare ein times biltur frå Aldevik. Ein køyrer til Tyssedal og opp til Skjeggedal og parkerer bilen. Sjølve turen tek 6-8 timar tur retur. Ein fantastisk tur med store naturopplevingar ( sjå bileta ).
- Dagstur langs elva Kinso, byr på mange ville spektakulære fossar og stryk. Turen byrjar med ferjetur frå Utne til Kinsarvik og så går ein attmed elva opp gjennom dalen (sjå bileta).
- Den finaste fjellturen i Hardanger må vera å kome opp på Oksen, 1241 m.o.h. Frå Oksen ser ein inn over Sørfjorden, ferja som går mellom Kvanndal, Utne og Kinsarvik og utover Hardangerfjorden. Denne turen tek bortimot 8 timar dersom ein vil gå heilt til toppen. ( sjå bileta).
- Dronningstien, oppkalla etter Dronning Sonja, som går denne turen fleire gonger i året, ligg rett over fjorden for Aldevik. Turen startar ved Kinsarvik, når ein kjem opp har ein Hardangervidda på eine sida og ser rett ned i Sørfjorden på andre sida, til slutt går ein ned til Lofthus via dei historiske Munketreppene.
- Hardangervidda ligg og ein liten biltur frå Aldevik, via Kinsarvik og Eidfjord. Dersom ein køyrer lang R7 opp Måbødalen, forbi Vøringsfossen så kan ein velje mellom mange merka turstiar innover vidda.
- Kort køyretur frå Aldevik til Vikebygd, her er flotte steintrepper opp langs den nyrestaurerte Buførevegen frå Reisæter til Bosvatn i Jondal (sjå bilete)