Gamlahuset

Langhuset er no ferdig restaurert med fargar og interiør frå 1800-talet. Me har bygd ny gang på baksida og fått inn eit lite, men særprega bad med dusj og toalett. Moderne kjøken med induksjonsovn, steikjeovn, kjøleskap med frys, oppvaskemaskin , kaffi og vannkokar.

Då får de oppreidde senger, handkled og smaksprøvar på eplesider frå garden.

Gratis Wifi.

Det er to soverom og ein sovealkove på lemmen med til saman seks sengeplassar .

DØGNPRIS

Døgnprisen  med oppredde senger  for  to personar er 1.300,-kr

Ekstra gjester betaler 200,-kr døgnet.

Utvasking kr 600,-

Drengstovo

Drengstova ligg i løa, med fantastisk utsikt ned på kaien og innover heile Sørfjorden. Me har laga eit rundt bad i gamlesiloen og ny moderne kjøkenkrok. Gamleverkstaden er no soverom med dobbeltseng og plass til ei barneseng. Det er sovesofa i stova. Eigen avskjerma terrasse på framsida.

Gjstene får oppreidde senger, handkled og smaksprøvar på eplesider frå garden.

DØGNPRIS  :  kr 1100,- for to gjester,  ekstra gjester betaler 200,- kr døgnet.

Utvasking kr 500,-